Når nordbuarane tek steget ut i den store verda møtar ein mang eit gang granskande blikk og spørsmålet om det er ofte ein ser isbjørnar spasere rundt i gatene. Dette fnyser me sjølvsagt både høgt og lenge over. Så då Frokost denne torsdagsmorgonen fekk besøk av ein vaskekte Aussie så tenkte me det var på tide å leggje illusjonen om Skippy hoppande rundt i Sydneys travlegater død . Ein gong for alle. Men den gang ei.
Kenguruer i hagen og på panseret
- Som regel pleier eg å sei at det er ikkje slik at det er kenguruer som hoppar rundt i hagen min, sjølv om eg kjem frå Australia. Men det er ikkje heilt rett. Det er faktisk ganske ofte kenguruer som stikker ein tur innom, kunne Sally Reynolds fortelja.
Denne torsdagsmorgonen tok Anders og Malene på seg surfeshortsen og våtdrakta for å gå Down Under saman med Sally Reynolds, ein utvekslingsstudent frå ’Gong i Australia. Jenta frå Home and Away-landet kunne også fortelja at det er ikkje mange frå Canberra ( FYI: Australias hovudstad, belive it or not. Det er ikkje Sydney) som ikkje har fått gleden av å få ein skippy glidade over panseret heller.
- Det er så mange kenguruer som er ute og hoppar, og om kvelden så er det ikkje så himla lett å sjå dei heller. Og dei er så svær! Så eg har møtt my share med kengeruar, forteljer Sally som også innrømmer at dessverre klarte ikkje Skippy å jumpe seg opp på beina igjen etter samanstøtet.
Varmblodige norbuarar
Reynolds har vert i Noreg i ein liten månad allereie og trivdes godt med det. For uansett kor iherdig og hardt dagens programleiarar prøvde å lure ut av ho at Nordmenn er nokre kalde jæklar, så gjekk ikkje Sally med på dette. Til alles overrasking så var det absoultt ikkje kald ho ville beskrive nordbuarane som. Då ikkje kalde folk klarte å skremme jenta vekk frå å byrje i Noreg, så var temperaturen her tillands som kunne blitt ein deal breaker.
- Vennane og familien mine byrja å lure litt på meg når eg sa eg skulle har utvekslig til Noreg så lurte dei nok litt på om det hadde klikka for meg. Eg er av den typen som byrjar å krype inn i eit ullpledd når gradestokken nærmar seg ti grader ein kald sommarskveld, kunne Sally informere oss. Og måtte då innrømme at tanken på at det kan sjå ut som om det vert tosifra minusgrader til helga, var noko ho såg mørkt på.
- Eg sa at eg skulle komme heim att om eit år, når eg hadde lært meg norsk og hadde vendt meg til kulda. Og fekk då til svar at me snakkast aldri då.
Med hjarta på feil stad

Etter eit slikt besøk vart både Anders og Malene ivrig etter å vise kva dei har lært. Så Malene fekk då i oppdrag å teikne eit nebbdyr (noko som då ikkje er eit fjærkræ, dersom du trur det) og Anders skulle få få gleda av å beskrive denne flotte skapninga etterpå. Sjølvsagt med hans flotte aussieaksent. Sidan Anders «- Syntes selv at jeg er veldig flink til å tilpasse med ulike engelske dialekter. Du veit, britisk, amerikansk, aussie etc.» Teikninga av nebbdyret har du allereie sett, men kan du tenkje deg korleis beskrivinga vart…..?

Kommentarer (abonner)
mandag 06. februar, kl. 09.56 · av Dagny
Eg elskar nynorsk! Og denne artikkelen!
Legg igjen kommentar